Jakteskipper Simon Oliversen Akreøen



Simon Oliverersen Akreøen f. 1820 d. 1907 gifte seg i 1851 med Elisabet Karine Omundsdotter f. 1830 d. 1877, dotter til handelsmann Omund Svendsen f. 1794 og Elisabet Helene Bårdsdotter f. 1785, busett i Manneshavn.

- Simon Oliversen Akreøen var son til jakteskipper Oliver Larssen og Mette Marie Simonsdotter.
- Simon Oliversen Akreøen er oppkalla etter bestefar sin, gardbrukar Simon Olsen Stava.
- Elisabet Karine var halvsøster til Berta Karine gm verftsmeister Ola Simonsen i Manneshavn.


Simon Oliversen og Elisabet Karine budde i Oliversbukta. Dei hadde 6 barn:


1. Oliver Simonsen f. 1853 d. 1937
     - gm Marta Helene Knutsdotter f. 1854 d.1954
     - busett i Oliversbutkte - 4 barn:
      Simon Kornelius f. 1879 | Tomine Amalie f. 1881
      Ludvig Andreas f. 1887 | Knut Jakob f. 1892


2. Elisabeth Marie Simonsdotter f. 1856 d. 1887
     - ugift - busett i Oliversbukte

3. Andreane Karoline Simonsdotter f. 1859 d. 1884

- Vi veit ikkje kva som fekk deg til å reise i 1883. Om det var eventyr-lengt, draumen om ei rikare framtid, kjærleiken til ein ukjent gut, eller kva det var som førte deg over havet til Amerika. Vi veit berre at du reiste, saman med mange andre, ugift og 24 år gammal.
- Men landet bak havet gav deg det du minst hadde venta. Året etter at du steig i land, møtte du døden på sjukeseng. Dette kan vi lese om i brevet som far din fekk tilsendt etter at du var død. Det 120 år gamle Amerikabrevet, syner oss at du, som mange andre, ikkje fekk gjort alvor av draumen om ei ny framtid i vesterveg.

4. Simon Olai Simonsen f. 1862 d. 1880

- Simon Olai omkom på sjøen 18 år gammal, saman med søskenbarnet sitt, Oliver Larsen f. 1850. Dei var på heimveg frå Haugesund til Åkra i ein seksæring under seil, då dei i sterk kuling kollsigla på vestsida av Karmøy.

  Simon Oliversen
Simon Oliversen Akreøen

Elisabet Karine
Elisabet Karine Omundsdotter
5. Mette Marie Simonsdotter f. 1865 d. 1938
     - gm gardbrukar/farmer Peder Kristian Jonsen Hodenfield f. 1857 d. 1932 - resident in Amerika - 1 barn:
      Carl Marinius f. 1899

6. Karl Berdines Simonsen f. 1868 d. 1927
     - gm Barbro Josefine Korneliusdotter Fonnes f. 1889 d. 1977 - busett i Oliversbukte - 2 barn:
     1. Signe Elisabeth Simonsen f. 1920 d. 2003 - ugift
     2. Karl Johannes Simonsen f. 1923 d. 2007 - ugift

- Simon Oliversen overtok husmannsplassen på Åkraøyne etter foreldra sine i 1845.
- Simon Oliversen åtte jakta Tidens Prøve, åleine eller saman med broren Lars Oliversen.
- Simon Oliversen dreiv også på med sildesalting før vårsildfisket tok slutt i 1874.


Oliversbukte
 - før kaien vart bygd, i Oliversbukte ser vi husa til Simon Oliversen og son hans, Oliver Simonsen

Karl Berdones Simonsen

Karl Berdines Simonsen, yngste son til Simon og Elisabet Karine, overtok huset og plassen i Oliversbukta etter far sin. Etter Karl Berdines overtok barna hans, søskenparet Elisabeth og Karl Simonsen eigedommen. Karl døde i 2007 og hadde nokre år før testamentert huset og eige-dommen til Andreas Vikra. Dermed gjekk huset til jakteskipper Oliver Larssen f. 1778 d. 1859 ut av Oliverslekta. Huset er eit av dei eldste husa på Åkra og ligg på nordsida av Norasjøhuset, der det i dag er fiskerimuseum.

Ved folketellinga i 1865 er det registrert 10 personar på husmannsplassen i Oliversbukt: Simon Oliversen 47 år, husfader, sømand og husmand med jord. Lisabet Omundsdatter 37 år, hans kone, Oliver 13 år, deres søn. Lisabet Marie 10 år, deres datter. Andreane 7 år, deres datter. Simon Olai 4 år, deres søn. Mette Marie 1 år, deres datter. Omund Svendsen 68 år, handlende. Oliver Oliversen 33 år, logerende, sømand og fisker. Anne Marie Larsdatter 27 år, hans kone.

Simon Oliversen tok namnet Akreøen. På folkemunne vart han kalla Simon Øynà. Han er gravlagd aust for gamle Åkra kyrkje. Gravmælet til Simon Oliversen Akreøen står framleis på austsida av den gamle kyrkja.

Jostein Simonsen © 2004
  Ta kontakt hvis du har opplysningar som du ser eg manglar.

TILBAKE



TEMA

JAKT

SKIPPER

FISKE

TIL SJØS

KVINNER





START

E-POST