Bomseiljakta Tidens Prøve
I ei oppgåve over registrerte skip i Skudeneshavn i 1864 er Tidens Prøve oppgitt å vera 14 kommercelester (omlag 29 netto register-tonn). Ho var såleis ei heller lita jakt på omlag 45 fot. Tidens Prøve hadde flagnummer 48. Kjenningssignalet hennar var JMVD. Kanskje åtte brødrene Lars og Simon Oliversjekte saman. Begge er i gamle dokument oppgitt som jakteførarar og førarar av Tidens Prøve. Bomseiljakter (må ikkje forvekslast med jekter) hadde ei mast med gaffelrigga storsegl, skværseil på rå, stagseilfokke, klyver og jagar. I tillegg førte dei ofte toppsegl og breifokk på rå. Lugaren eller ruffen (mannskapsrommet) var forut. Det var eit heller lite krypinn, og utstyret var oftast berre eit bord og fire køyer, to underkøyer og to overkøyer. Skipperen og bestmannen/styrmannen budde akterut i kayhytta. Her var det to køyer, eit bord, benkeplass, skapplass og ofte ein finsofa tverrskips. I lugaren sat mannskapet på skipskistene sine. Dei hadde ikkje benkjer. Gamle skipspapir syner at Simon Oliversen den 12. september 1863 var i Gøteborg med sild, og at Truls Christian Nilssen ◊ 1834, busett på Åkraøyne var matros ombord på Tidens Prøve og at matroshyra var 8 spesiedaler. Jostein Simonsen © 2004 |
![]() TEMA
![]()
|