Gardbrukar Tønnes Hanssen Åkra![]() - bearbeidet foto frå eit gammalt gardsbruk (ikkje indentisk med det aktuelle gardsbruket) Tønnes Hanssen Åkra f. 1811 d. 1886, son til Hans Tønnessen Varne f. 1775 d. 1842 og Anna Kathrine Jakobsdotter f. 1784 d. 1837, gifte seg i 1834 med Johanna Jakobsdotter f. 1811 d. 1898, dotter til gardbrukar Jakob Knutsen Åkra f. 1781 d. 1826 og Anna Marta Nilsdotter f. 1782 d. 1871. Tønnes Hanssen Åkra og Johanna budde på Åkra. Dei hadde 8 barn: - gm Anna Karine Andersdotter f. 1835 - 4 barn: - g1m Emma Kristine Hansdotter f. 1837 d. 1875 - gm Elisabet Marie Olsdotter f. 1847 d. 19.. - gm Erik Andreas Olsen Ferkingstad f. 1849 - 3 barn: - døde som barn - døde som barn - gm skipsbyggmeister Ola Olsen Manneshamn f. 1837 d 19.. - gm Ingeborg Bragstad - busett i Amerika Tønnes Hanssen Åkra vaks opp på Varne. Han var arving til det 12 spann store bnr. 22 i Åkra. Det hadde hovedtunet sitt liggjande på Snartaberg, og han og Johanna flytte dit og overtok br. 22 i 1846. Tønnes Hanssen Åkra er etterkommar etter Lars Knutsen Heie, født 1659, død 1741. Han som åtte meir enn halve Åkra, 110 av 210 spann korn i landsskyld, sat som bygselmann på eit 8 spann stort bruk på Ragnvaldjord, gifte seg seinare med ei enkje frå Hemnes i Skudenes, flytte dit i 1705 og delte halve Åkra mellom etterkommarane sine. Anna Olsdotter f. 1745, ho som arva 18 spann korn i Åkra (Bnr. 1) etter bestefar sin, Rasmus Larssen Ragnvaldjord og oldefaren Lars Knutsen Heie, var bestemor til Tønnes Hanssen Åkra. I 1853 søkte Skudenes kommunestyre Opplysningsvesenets fond om eit lån på 350
spesiedalar til bygging av ein fast skule i Åkra. Lånet vart innvilga og skulehuset vart oppført på Snartaberg.
Frå 1876 hadde også Skudenes & Åkra Sparebank tilhald i skulehuset. I 1860 åra var det på bnr. 22 i Åkra 13½ mål åker og dyrka eng og 60 mål naturleg eng. I 1865 hadde Tønnes Hanssen Åkra 2 hestar, 8 kyr, 26 sauer, 1 geit og 1 gris. Han sådde 1 tønne bygg, 6 tønner havre og 5 tønner poteter. Truleg dreiv han også med fiske og salting av sild. Ved folketeljinga i 1865 er det registrert 8 personar på bruker til Tønnes Hanssen Åkra: Tønnes Hannsen, 55 år, husfader, gaardbruger, selveier. Johanne Jakobsdatter 55 år, hans kone. John Tønnessen 29 år, deres søn, ugift, fisker. Katrine Tønnesdatter 22 år, deres datter, ugift, hjelper forældrene med gaardsbruget. Jakobine 14 år, deres datter. Johan 10 år, deres søn. Tønnes Tønnessen 25 år, deres søn, gift, fisker. Lisabet Marie Olsdatter 20 år, hans kone (dotter til Ola Simonsen i Manneshamn). I 1880 delte Tønnes Hanssen Åkra det 12 spann store bruket mellom dei tre eldste sønene sine. Hans Jakob fekk bnr. 22. Jon, som alt hadde tatt etternamnet Holmen, fekk Snartaberg, bnr. 23, medan Tønnes fekk Håstø, bnr. 24. Jostein Simonsen © 2006 |
![]()
![]() ![]()
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]()
|